Bybilete og offentleg framferd

Dans. Et sted
– mønstring av stedsspesifikk dansekunst 29. april 2013/Bergen,
arrangert av Bergen Dansesenter og Wrap.
I forbindelse med den faglige diskusjonen har flere av de involverte bidratt med tekster om stedsspesifikt arbeid. Dette er en av dem.

____________________________________________________________________________________________________________________________

Tankar om stadsspesifikk kunst

For ei gjennomsnittleg gate i Bergen by er besøkstala på ein vanleg måndag formidable. I mange andre byar er dei mykje større. Kva tilbyr dei store byane som mindre byar ikkje har? Dei har ikkje luksusen som god plass er; det er ikkje lurt å stoppe opp utan straks å skygge bana. Dei store byane har kanskje meir fare, meir risiko, men der er det mindre sjanse for å treffe kjentfolk.
Forbipasserande er ei uforutsigbar og forutsigbar gruppe. Dei kjem og går. Dei er ofte på veg, men kan stoppe, overraske. Dei er ikkje til å stole på. Dei er fantastiske. Dei er flokk og gjer det du ventar. Dei er individ som sperrer opp dei indre augene dine. Stadspesifikk kunst kan ha som tilleggs- eller hovudfunskjon å framheve det som er der: by på ei oppleving som får dei forbipasserande til å tenkje på kor spesielt livet er, eller at mennesket er ein spesiell art, eller at dei har lyst på guacamole.
Menneska i byane manøvrerer rundt kvarandre kvar dag med veldig få Kræsj!
Kva viss menneske reagerte slik når dei såg andre menneske, som hundar gjer når dei ser andre hundar?

Av Karen Eide Bøen