Sansing og nonsens

okt 16, 2012 by

Denne hausten deltek eg på eit nystarta emne på masternivå ved Høgskulen i Volda. Emnet heiter “Å skape meining”, og er initiert og leia av komponisten Magnar Åm. Studentane har ein samansett bakgrunn frå både teater, musikk, dans, litteratur og helsefag. Dette notatet er skrive til faget og erfaringane kjem frå workshopen “technique and improvisation” som vart helden av Julyen Hamilton i Arlequi, Spania frå 3.-13. september i år. Eg har valt å reflektere over omgrepet “making sense” frå workshopen. Eg overset det til å gjere seg forstått, å skape meining eller noko som er råd å sanse. Eg har valt å reflektere over sansinga som det grunnleggande for meiningskaping og kommunikasjon, og over kvar som opnar eller hindrar mi eiga sansing.

I workshopen vart “making sense” relatert til ordet gramatikk. Vi undersøkte både i kropp, idé og handling korleis eit ord, ei rørsle eller ein lyd intuitvt innehar ein gramatikk. Der gramatikk forstås som at rørsla/ ordet/ lyden lengtar etter eit framhald, eit motsvar eller ein respons. Vi arbeidde med korleis vi intuituvt skulle forstå gramatikken i vår eiga skaping. Som dansekunstnarar arbeidde vi med å la rørslene vere fullførte i seg sjølv og i ei frase. I scenearbeidet erfarte vi korleis det å gi frå seg noko som er heilt, vert avgjerande for kommunikasjonen med andre. Og det “heile” vart forstått som noko som både avsendar og mottakar kan sanse, det vert eit materiale som kan responderast på og slik skape ei framtid for verket. Å skape meining eller making sense, vart slik sett i saman med sansinga. Korleis eg både har evnar til og må sanse det eg sjølv gjer, i det augeblikket det skjer, for at andre skal kunne sanse meg og for at det skal gi meining. Vidare fekk eg nokre nøklar for korleis sanse mi eiga meiningskaping.

The space as a membrane for you as a performer, not only listening to what you are saying- but to what is said” (Julyen Hamilton)                                                                                                         Eg har omsett innhaldet i dette sitatet til “Å sanse min eigen ressonans”. Somme tider kjennes det som eg gløymer å opne for akustikken i mitt eige arbeid. Eg fell inn i idéar om kva eg skal lage, med eit ytre blikk som analyserer før forma får rom og med ei indre frykt som produserar materiale utan sensibilitet. Desse augeblikka, timane eller dagane er trøyttsame. Eg kjenner meg lam og nummen i kroppen og i tanken, og tynga. Med tida har eg starta å gjenkjenne dette som eit varsko om at eg ikkje lenger er nærværande der eg er. Eg held på med nonsens, ikkje sansing og skaping. Det eg gjer kan heller då ikkje lesast, verken for meg eller andre, det er ikkje lenger sensibelt. Eg må medvite arbeide for å kome tilbake til kroppen.

“Når senteret lytte merksamt til periferien, og periferien lyttar merksamt tilbake: karakter vert skapt.“ (Julyen Hamilton)                                                                                                                Eiga læring og Julyen sine ord, tek meg tilbake til sansane. Til den kinestetiske opplevinga her og no, i min eigen kropp. Eg prøvar å finne fram til senteret i meg, i kroppen. Eg må la senteret kome i kontakt med underlaget og ta inn kvar ytterpunkta av meg er.  Korleis fingerspissane, helane, hovudskallen, augeepla, hørselen, blikket og overarmane møter omgjenvnadena. Korleis alt i meg både er i eitt og separert frå alt i kring. Eg finn støtte til denne erfaringa i dette sitatet: ”Denne kroppslighet skapes (…) når bevissthetskontrollen slipper taket og kroppen kan åpne seg mer direkte mot omverdenen” (Gunn Engelsrud, 1990).

Den non-sensande augeblinken kan eg gjerne kalle å falle ut og den annerkjennar eg som ein naturleg del av ein arbeidsprosess. Det sentrale er korleis eg vender tilbake. For meg handlar det om å fange mi eiga interesse og finne detaljane i det eg gjer. Eg veit ikkje om den aktivieten eg då set i gong er meiningskapande, men eg veit eg sansar den, og ser det som fyrste skritt. Med ei tru på at mi eiga sansing av meg opnar for publikum si sansing og erkjenning av seg sjølv.

I workshopen deltok eg ein dag i eit stykke der eg enda på ein diagonal framme på scena, dei andre stod bak meg og eg forstod at no hadde eg ansvaret for å ta denne situasjonen vidare. I det augeblikket ville eg synke vekk. Eg makta ikkje å vere ansvarleg. Eg klarte verken å respondere eller vere “responsible”. Etterpå analyserte vi denne situasjonen og eg tok mot til meg å spurte kva eg skulle gjort om eg fekk gjere improvisasjonen oppatt. Svaret eg fekk forstod eg slik: gå tilbake til stykket, kvar er det romlege senteret i stykket, finn dette senteret- så er du iallefall på rett plass. Om du ikkje forstår kvar det er- bruk resten av stykke på å leite etter det midtpunktet, og publikum vil ha ein djup sympati og interesse med deg i denne leitinga. Eg som trudde eg skulle gjere noko stort, at ansvaret var å kome opp med eit vidunder av eit material i det timinga sette følgespot på meg. Så var svaret at det i grunnen var nok å flytte seg tre meter. Det som hindra meg, var truleg egoet mitt sin íde om det store.

“What is made is not the same as the maker, the maker can listen to what is made”  (Julyen Hamilton)                                                                                                                                       Kunst vert skapt frå kroppen, uavhengig kva formeleg uttrykk kunsten har. Mi oppleving er at til meir materialisert forma er, til dømes i forma tekst eller bilde, til enklare er det å sjå den objektiv, som skilt frå seg sjølv. Som dansekunstnar er kroppen ein del av materiale mitt. Eg må difor arbeide med teknikkar for å lytte til det eg skapar, utan å fordømme den eg er. Kanskje mest for å halde ut å verte sett på. til Idéen om at eg kan lytte til mitt eige materiale, i det stykket vert skapt, er frigjerande. Publikum ser då ikkje berre på meg, men dei ser meg skape eit tredje, eit tredje vi saman rettar oss mot. Eit tredje som kjem frå meg, men ikkje som er meg. Eit døme som uttrykke dette, er tittelen på ein dokumtarfilm om koreografen Deborah Hay: “Deborah Hay, not as Deborah Hay”.

Eg trur for å våge og seie at eg skapar meining, må eg vite at eg skapar noko sanseleg. Og ta imot publikum sitt blikk på meg, som eit varsomt og interessert blikk for det eg skapar, ikkje på meg som skaparen. Sjølv om samtida vår forførar oss, gjennom å stadig rette merksemda mot kven og ikkje kva, mot kva og ikkje korleis. Mot handlinga og ikkje haldninga.  “Skrifta er større enn meg”  seier Jon Fosse, med den haldninga trur eg meining kan verte skapt.

Skrevet av Solveig Styve Holte

Related Posts

Tags

Share This

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *