Dure på

Om å dure på 1:

Kjære alle danserar med tyngde. I bekkenet. Eg likar at golvet ristar, når du tek stor plass. Eg kjenner ditt, i eigen kropp. Du har ein viss tyngde, difor tek eg deg på alvor. I bekkenet.
Dans som blir skoten frå hofta, treff meg rett på klitten, og eg får lyst til å bli eit betre menneske. Eg forstår eit eller anna nytt, ein ny dimensjon kriblar i meg. Grav djupare, utvid med enno ein underetasje! Som muldvarpen, som vel seg ein retning, og byrjar å grave. Hin kan grave nedover, og forlenge takhøgda. Nesegrevet mitt set seg fast i rørsler som luktar rart, og som gjev meg sjelsettande draumar. Gje meg mareritt! Kom til meg, De som slit og har tungt å bera, hjå meg som publikum, kan tyngda kvile.
Med open kjeft sluker eg alt du tilbyr, det som er vanskelegast å fordøye, blir lengst i magen.

Om å dure på 2:

Det er betre å bæsje på golvet, enn å bæsje på leggen. Bæsjar du på golvet, kan me saman finne ut om this is the shit, eller kun dritt. Gje slepp på ideane, la dei leve sitt liv utanfor hovudet, fyrst då kan du sjå dei med objektive augo. Og du kan sleppe til andres augo. Om du stenger dei inne, er det ingen som får sjå kva form og kva farge. No bæsjar eg på golvet i værdsveven. Eg byrjar å skrive før eg veit kva form og kva farge. Men eg ville sei noko om det å opne opp dørkarmen, og møte sine eigne idear i døra. Til lenger eg ruger på ein nesten formulert ide, til meir uorganisk blir den den same diffusiorinien i hovudet, samstundes som den blir meir komplisert for kvar gong den blir påtenkt. Dørkarmen ut frå tankegangen blir vanskelegare å krysse. Ettersom ideen har vekse seg stor inni hovudet, blir fallhøgda deretter, og den har lett for å søke tilflukt der den er trygg. Der den ikkje kan bli vurdert.

Det er greit å ha eit par slike udyr av nokon idear, som aldri let seg temje og formulerast. Men nett no er ideen hjå meg, at den mest fruktbare metoden for utvikling, er når vegen frå ide til form, er kort. Og at det ideelt eksisterar ein raus kontiniutet av materiale som blir presentert, at det ofte bli skitten på golvet , i kva forum eller arena di verona som helst.
Om du bæsjar på leggen, så var du ikkje tru mot ideen, eller du ruga på den for lenge til den vart ugjenkjenneleg og den kom kun halvvegs ut, og enda på leggen.

Skrevet av Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *