Alle steder, her

I det eg stoppar opp, kjenner eg at hjartet mitt bankar intenst. Eg kjenner eit pålagt krav om å produsere noko i møte med dei frammøtte. Gradvis, gjennom dagane, fell ideen om produksjon tillitsfullt frå å vere ein idé om situasjonen, ned i kroppen. Slik at mangelen på ein danserisk utøvande rørsleakrobatisk produksjon fell bort til fordel for produksjonen av ein situasjon der dei frammøtte, i møte med vår stillstand, kan merke sin eigen pust.

Ambivalensen av stadspesifikt arbeid, vert gradvis arbeidd inn i situasjonen. Slik at alle fordommane våre forpliktar oss til å spesifikt gå til verks på staden. Vi må gjere eit arbeid der som kan opne for publikum sitt nærvær.

Vi hadde ikkje vore saman på lang tid, dagane i forkant gjorde at vi fann saman på nytt og på ny kunne nære oss av kvarandre. Eg tillet heilt og fullt den andre å vere til. Eg er forplikta til å la alt i situasjonen få vere til, alle lydar, forflyttningar, avbrot, ambivalensar og nyskjerrige blikk. Eg tek ansvar for det vi set i gong, vi reflekterar konstant over kakaokoppar om korleis denne kroppen kan tas inn, forstås og skape meining.

Kunst er å skape den røynda ein sjølv ynskjer, har eg høyrt og gløymt av kven. Men det er det som kjem til meg i det munnen min er 2 cm frå skogsbotnen, panna kvilar på ei våt og kald hand og regnet trommar på hetta mi, dette er den røynda eg vil skape. Akkurat her, akkurat no.

Av Solveig Styve Holte,
i forbindelse med ei forestillingsrekke i det offentlege rom som ein del av festivalen Påske og Pasjon 2013, av og med Elisabeth Breen Berger, Kristina Søetorp og Solveig Styve Holte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *